Skip to main content
Nyheter

Velkommen til Landsutstilling og NM for rasekaninar.

By november 3, 2020No Comments

Det er ei glede for meg å ønska velkommen til Varhaug, og velkommen tilbake til Hå kommune. Det er ikkje lenge sidan det var landsutstilling på Vigrestad, så vi er glade for ny anledning til å ta imot utstillarar og kanineigarar som gjester i Hå kommune.

Kaninar er annleis enn dei husdyra vi har flest av i Hå. Sjølv om bøndene i Hå steller godt med dyra sine, får dei neppe same stellet som rasekaninar, eller same trening som ein kanin som øver seg til hopping. Men håbuen har sans for dyr, og vi er glade for at Norsk Kaninavlsforbund har lagt arrangementet hit.

De skal bruka mykje av tida i hallen. Hå kommune satsar på reiseliv, og vi ser gjerne at de kan koma tilbake ein gong de har meir tid, tid til ein sykkeltur over Jæren, ein gåtur langs jærhavet med stans på eit av fyra eller Hå Gamle Prestegard, eller kanskje ein aktivitetsdag på Jærmuseet.

Eg vil ønska alt godt for arrangementet, og takk til de som legg ned mykje arbeid både med avl, med trening og med stevne.

 

Jonas Skrettingland

  • Ordførar Hå kommune-

Leave a Reply