Helga 09. – 11. mars arrangerte Møre og Romsdal KAL utstilling i skyttarhallen i Hjørungavåg i Hareid kommune. 227 katalognummer var påmeldt, og dei tre dommarane Per Egil Hagen, Snorre Jakobsen og Sturle Skeidsvoll fonn mange gode dyr. Vinnar i klasse L blei Monica Moen Kvendset frå Trøndelagen KAF med hermelin viltgrå/jerngrå. Ho fekk også BIM med ei hoe på 95,5 poeng.
Best in show blei ein hanne til Katrin Skodjevåg Sundgot – også dette hermelin. Ryktene vil ha det til at desse to dyra var søsken!
Arrangørane sette pris på utstillarane som kom frå Hordaland, begge Trøndelags-fylka samt frå vårt eige lag.
Takk også til dommartrioen med overdommar Per Egil som gjorde ein flott jobb!
Siste kommentarer